mandag 18. april 2011

Invitasjon til Proffveka i Stryn 2011

Sparebanken Vest og Stryn Fotball inviterar til ei topp treningsveke for deg mellom 13 og 16 år, frå måndag 8.aug til fredag 12.aug. Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter som ynskjer å satse på fotballen!


Proffveka i Stryn tilbyr topp kvalifiserte trenarar som gjev spelarar gode utviklingsmoglegheiter og eit innblikk i kva som krevjast for å bli ein topp fotballspelar.

Maksimalt 72 stk vert plukka ut til å delta! (36 gutar og 36 jenter)

- Det finst mange fotballskular kring om. Desse skulane er eit viktig tilbod for massen, og vi som klubbar skal først og fremst gi eit godt tilbod for alle som spelar fotball. Proffveka derimot er eit spissa tilbod for dei eldste aldersbestemte klassane. Det skal henge litt høgt å bli utplukka til å få vere med. Her må alle som melder seg på legge ved ein liten søknad om å få delta. For at det skal bli ekstra god kvalitet på treningane er det viktig forutan gode trenarkrefter, at utøvarane er på tilsvarande same nivå sportsleg, og at ein har ei avgrensing i tal utøvarar. Eit spissa fotballskuletilbod for dei beste finst ikkje i fylket. Det næraste ein kjem er sone- og toppgruppe samlingar i regi av kretsen, men desse samlingane går som regel berre over ein eller to dagar. Skal vi ta utviling av fotballspelarar alvorleg i krets og klubbar, må vi også gi eit differensiert sportsleg tilbod, seier Inge Matias Tvinnereim.

Hovudtrenarar for Proffveka i Stryn 2011

Paul Lever (tidl. akademitrenar frå Liverpool, jobbar no for det engleske fotballforbundet FA)
Roar Wold (landslagstrenar J 16)
Freddy Butler (spelarutviklar i Sogndal)
Stig Nord (trenar III)
Johann Sigurdsson (trenar III)
Jon-Terje Tjellaug (trener II)
Terje Skjeldestad og Skjeldestad Keeperskule.


--------------------------------------------------------------------------------

Invitasjon

Her kan du laste ned heile invitasjonen:
http://www.stryn-fotball.com/images/Proffveka/invitasjontilproffvekaistryn2011.pdf
--------------------------------------------------------------------------------

Søknadsskjema

Klikk her for å kome vidare til søknadsskjema:
http://proffveka.stryn-fotball.com/

torsdag 7. april 2011

Stig Nord klar for Proffveka 2011


Tidlegare hovudtrenar og spelar for Sogndal, Stig Nord, er klar for Proffveka i Stryn 8. - 12. august.

Stig Nord spela i si aktive karriere mellom anna 363 kampar for Sogndal og scora 47 mål.

Stig har D-trenar utdanning og er ein av fylkets beste trenarressursar.

Stig var også med under Proffveka i 2010, og Stryn Fotball er glade for at Stig er på plass også i 2011.

onsdag 30. mars 2011

Paul Lever kjem tilbake til Stryn og Proffveka!


Paul var ein fantastisk ressurs for oss i fjor, og vi er glade for å kunne bekrefte at han også i år blir ein viktig del av vårt trenarteam!
Paul har vore trenar i over 30 år. I 15 år var han trenar på akademiet til Liverpool, 7 av desse åra som assisterande akademi-manager i Liverpool.

Han har dermed jobba med nokre av dei største talenta i England som Steven Gerrard og Jamie Carragher.


I dag jobbar Paul Lever som instruktør for det engelske fotballforbundet FA.

Proffveka vert arrangert frå 8. til 12. august.

Freddie Butler kjem til Proffveka også i år!


Trenar-kabalen tek form, og vi er glade for at Sogndal sin spelartutviklar Freddie Butler også i år tek turen til Proffveka i august.
Freddie har D-trenarkurs frå USA og har vore trenar for dei to amerikanske ungdomslaga New Jersey Dinamos og Jersey Crew.

Han har og ei solid spelarkarriere bak seg med 69 landskampar for Jamaica.

Han var proff i portugisiske Toremse og i San Jose og Columbus Crew. Butler er særskilt dyktig på å jobbe med og utvikle enkeltspelarar.

Vi er glade for at han også i år har takka ja til å bidra på Proffveka, som vert arrangert frå 8. til 12. august.

tirsdag 15. februar 2011

Roar Wold til Proffveka 2011

Frå 8 til 12 august er på ny klart for Proffveka i Stryn. Trenarteamet er byrja å ta form, og denne veka kan vi avsløre at U16 landslagstrenar for jenter Roar Wold kjem til Proffveka.


Roar Wold jobbar som spelarutviklar i Rogaland Fotballkrets og er i tillegg trenar for U16 landslaget. Sportsleg ansvarleg for Proffveka Johann Sigurdsson er særs nøgd med å få Roar inn i teamet:

- Roar er ein særdeles dyktig trenar med lang erfaring. Vi har mellom anna hatt fokus på å styrke trenarsida for jentene, og det å ha U16-trenaren på plass er ei spennande erfaring for jentene på Proffveka i Stryn

Proffveka i Stryn 2011

Frå mandag 8.august til fredag 12.august er det klart for ny Proffveke i Stryn.

Som i fjor vert det plukka ut 72 stk som får delta. 36 jenter og 36 gutar i alderen 13 - 16 år. 64 utespelarar og 8 keeperar vil bli plukka ut.

Påmeldingsfristen i år er 1.juni. Påmeldinga vert opna opp frå 1.april.

Trenarteamet for 2011 er byrja å ta form, og framover vinteren skal vi røpe litt etter litt kven som blir med.

tirsdag 31. august 2010

Bilder frå Proffveka


Bilder frå årets Proffveka vil med jamne mellomrom bli lagt ut på facebook.